Utbetaling av regionale miljøtilskot for 2020
I mars ble det betalt ut regionalt miljøtilskot for 2020. I alt ble det betalt ut 22,3 millionar kroner til 1052 føretak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det regionale miljøprogrammet skal bidra til å vare på jordbrukets kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø og å redusere avrenning til vatn og utslepp til luft. Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal blir fastsett av Statforvaltaren i samråd med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget.
Innanfor gjeldande program (2019 – 2022) kan bønder søke om tilskot til tiltak innanfor fem miljøtema. Nedanfor kan du sjå korleis utbetalingane for 2020 fordeler seg på desse tema.
I miljøtema kulturlandskap inngår tiltaka slått av verdifulle jordbrukslandskap, skjøtsel av bratt areal og drift av beitelag. For biologisk mangfald inngår tiltaka skjøtsel av slåttemark og kyst-lynghei og tilrettelegging av fuglebiotopar for trua fugleartar. Innan miljøtema kulturminne og kulturmiljø kan ein søke om tilskot til drift av seter og skjøtsel av gravminne. For å redusere avrenning til vatn kan ein søke om tilskot til utsett jordarbeiding, å etablere grasdekte kantsoner i åker og til vedlikehald av fangdammar. Spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong inngår saman med tilførselsslangar og bruk av nedleggings eller nedfellingsutstyr i miljøtemaet utslepp til luft.