Nytt system i 2023 for melding om mogleg produksjonsvikt
Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn. Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.05.2023
Det er eit vilkår for å kunne motta tilskot ved produksjonssvikt at du har gjeve kommunen melding om mogeleg skade. Meldinga må ein sende så snart skaden har oppstått, slik at kommunen skal ha moglegheit til å kontrollere areala på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast.
- Dersom du har skade på fleire vekstgrupper må det leverast ei eiga melding for kvar av vekstgruppene.
- Du vil motta kvittering for innsendt melding.
- Meldinga er ikkje det same som ein søknad for ordninga.
Elektronisk MELDING OM SKADE skjer via Altinn.