Økologisk landbruk

Foto: Pixabay.com.
Oppdatert 20.12.2023

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har som oppdrag å vidareutvikle økologisk jordbruk som ein del av landbruket i fylket. Oppdraget er forankra i Nasjonal strategi for økologisk landbruk. Strategien har som mål å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Frå 2020 har fylkeskommunen overtatt ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til regionale tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan tildelast kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak registrert i Einingsregisteret kan også søkje dersom tiltaket har som mål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.01.2022

Mogelegheiter for meir økologisk landbruk i Møre og Romsdal

Det er potensiale for auka økologisk produksjon av grønsaker, frukt, bær og korn i fylket, viser rapport frå Ruralis. Det er også mogelegheiter for auka husdyrproduksjon basert på grovfôr.


Publisert 26.08.2021

Jordliv i fokus på Bjørnsonfestivalen

I jorda finnast det millionar av mikrobar og ein del meitemark. Korleis ser alt dette livet ut og kva driv dei med der nede i mørket mellom røter og planterestar?


Publisert 16.08.2016

Utviklingsmidlar til økologisk landbruk

Kvart år vert det sett av middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk over jordbruksoppgjeret. Midla vert forvalta av Landbruksdirektoratet. Søknadsfrist er 15. september.