Jordliv i fokus på Bjørnsonfestivalen

I jorda finnast det millionar av mikrobar og ein del meitemark. Korleis ser alt dette livet ut og kva driv dei med der nede i mørket mellom røter og planterestar?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.08.2021

Under Bjørnsonfestivalen i Molde vil «Reisen ned i jorda» vise og fortelje meir om jordlivet gjennom foredrag og kunstbilete. Arrangementet har kome i stand etter initiativ frå Økogruppa i Møre og Romsdal, som består av representantar frå Økologisk Møre og Romsdal, Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Landbruk Nordvest, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Reidun Pommeresche og Katelyn Solbakk vil ta publikum med på ei interessant reise ned i økosystemet under bakken gjennom kunst og fakta. Reidun er forskar på meitemark og anna jordliv ved NORSØK. Ho har også bidratt i boka «Levende Matjord» som vart publisert i sommar. Katelyn studerer og teiknar mange av dei aller minste organismane i norsk jordbruksjord. I tillegg driv ho sitt eige firma Mikroliv.

«Reisen ned i jorda» vert arrangert laurdag 11. september kl 13.45 på kulturhuset Plassen i Molde.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.