Fordeling av områderammer til Utvalde kulturlandskap i jordbruket 2023

Logo til Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Dei fire utvalde kulturlandskapa i Møre og Romsdal har samla fått tildelt 3 108 452 millionar kroner for 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2023

For 2023 er den nasjonale ramma for Utvalde kulturlandskap i jordbruket på 35,5 millionar kroner. Av dette er det avsett kr 15,5 millionar over jordbruksavtalen og 20 millionar over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.

Møre og Romsdal har fått tildelt 3 millionar. I tillegg er det overført 208 452 kroner i ubrukte og inntrekte midlar frå i fjor. Dette er fordelt på dei fire utvalde kulturlandskapa; Fjellgardan i Sunndal, Alnes, Hjørundfjorden og Norangsdalen og Eikesdalen.

Ved fordeling av rammer til dei fire område er det lagt vekt på følgande:

  • områda sine forvaltningsplanar
  • gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i områda
  • områda si størrelse i areal, omfang av tiltak og tal på eigarar/drivarar
  • variasjonar i behova frå år til år, samen med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet
  • realistiske budsjettforslag/kostnadsoverslag
  • at kvart område over tid på en balansert måte dekkjer opp behov knytt til alle deltema omfatta av føremålet med ordninga: sikre miljøverdiar, kulturmiljøverdiar og fortsett jordbruksdrift, inkludert næringsutvikling basert på desse

Fordelinga av områderammer er gjort i samarbeid med regional natur- og kulturmiljøforvaltning.

UKL - område

Kommune

Områderamme 2023

Fjellgardane i Sunndal

Sunndal

950 000

Alnes

Giske

550 800

Hjørundfjorden og Norangsdalen

Ørsta

1 057 652

Eikesdalen

Molde

550 000

Regionale tiltak

-

100 000

 

Sum

3 208 452

Føremålet med UKL - ordninga

Førmålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knyttet til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, herunder sikre langsiktig skjøtsel og drift i områda.

Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med tilhøyrande rundskriv og målsettingar i planer og retningsliner for områda. 

Ta kontakt med kommunen om du vil gjennomføre tiltak 

Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om UKL -tilskot. Områda har lokale søknadsfristar og eigne forvaltningsplanar/retningsliner som beskriv prioritering av tiltak. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om ordninga og søknadsprosessen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.