Klima
Gjennom Klima- og miljøprogrammet kan Statsforvaltaren løyve prosjekttilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak innan klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø, kulturlandskap og naturmangfald.
Måla for klima- og miljøprogrammet er å bidra til:
- At mat skal produserast med god ressursbruk og minst mogeleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
- Å auke landbruket sitt miljøbidrag, som kulturlandskap, biologisk mangfald, karbonbinding og produksjon av biogass.
- Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimatilhøve, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ivareta produksjonsressursane
Programmet støttar praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som kan bidra til at vi når desse måla
Desse kan søkje om tilskot:
- Landbruksføretak eller andre bedrifter
- Fag- eller næringsorganisasjonar
- Kompetansebedrifter, utgreiings- og forskningsmiljø
- Forvaltningsorgan som arbeider for betre miljøpraksis
I høve klimakutt i landbruket minner vi om desse to tilskuddsordningane gjennom Enova og Innovasjon Norge
Enova har frist 01.10. for følgjande tema:
- Spillvarmeutnytting
- Elektrifisering av fossilt drevne mekaniske arbeidsprosessar
- Batteripakke og ny landstraum, der batteri bidrar til å redusere belastninga på nett og på land. Temaet gjeld tiltak på forflåte
- Utgreeing av klima- og energitiltak
Du kan lese meir på Enova si nettside
Innovasjon Norge gjev tilskot for å auke bruk av fornybar energi i landbruket gjennom støtte til:
- utgreiingar og kompetansetiltak
- investeringar
Meir informasjon på Innovasjon Norge si nettside
Informasjon om biogass i landbruket for kommunane
Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve.
Publisert 19.04.2022
Klimasmarte landbruksbygg
Saman med Statsforvaltaren i Vestland og Trefokus AS har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal laga ein rettleiar for klimasmarte landbruksbygg.
Publisert 08.04.2022
Klimasnu – eit landbruk i omstilling
Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er arbeidet med klimaomstilling ei hovudsatsing - kalla Klimasnu. Her har landbruket og landbruksavdelinga ei tydeleg rolle.
Publisert 07.03.2022
Søk om midlar til Klima- og miljøprogrammet
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitiske mål innan klima og milijøfeltet.
Publisert 10.08.2021
Varsellampene blinkar i ny delrapport frå FNs klimapanel
Alvorlege klimaendringar er i full gang. Utsleppa av klimagassar har auka sidan siste hovudrapport frå klimapanelet som kom i 2014. Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtala, viss vi vil og gjer det som skal til.
Publisert 13.04.2021
Søk om midlar frå Klima- og Miljøprogrammet
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitiske mål innan klima og miljøfeltet.
Publisert 10.05.2019
Aksjon for innsamling av mekanisk avfall
I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.
Publisert 21.03.2018
Søk om midla frå Klima- og miljøprogrammet
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å oppnå måla for klima og miljø i landbrukspolitikken, gjennom å gj tilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak.