Bioenergi

Foto: Scanstockphoto.

Trebasert biobrensel gir fornybar og klimavenleg energi, og bidrar til sysselsetting og verdiskaping i distrikta. Dei vanlege trebaserte biobrensla er ved, treflis, trepellets og briketter. Potensialet for auka bruk er stort.

Statsforvaltaren skal bidra til å nå nasjonale mål om auka bruk av skogråstoff til bioenergi, blant anna gjennom samarbeid med Innovasjon Norge. Innovasjon Norge sitt Bioenergiprogram skal stimulere jord- og skogbrukarar til å produsere, bruke og levere bioenergi frå skog eller kulturlandskap i form av brensel eller ferdig varme.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.11.2021

Fleire nye biovarmeanlegg i Møre og Romsdal

Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak


Publisert 24.11.2021

Bioenergi i Møre og Romsdal

Ved- og flisfyringsanlegg nyttar avfall frå skogen til å gi varme. Straumen vi dermed sparer kan nyttast til å løyse dei oppgåvene som bioenergi ikkje passar til, som å lade el-bilen, gje lys eller straum til PC-en.


Publisert 27.03.2019

Fagdag om bioenergi og gardsvarmeanlegg

Med fullt hus og kvar ein stol fylt opp, var det godt oppmøte med om lag 50 personar på fagdag om bioenergi og gardsvarmeanlegg. Møtet vart lagt til Vestnes Småbåtforening sine lokalar tysdag 26. mars.


Publisert 24.11.2016

Auka bruk av gardsvarme i Møre og Romsdal

Bioenergi er eit miljøvenleg alternativ, som gir auka energifleksibilitet, og bidreg til å dekke endra energibehov.  Er verdiskaping på eigne ressursar noko for deg?