Det vert fagdagar for lokalmatprodusentar i mars!
No er det endeleg duka for fagsamling om lokalmat igjen. Er du lokalmatprodusent eller tilbyder av lokalmat så sett av datoane 14. og 15. mars, for det er då det skjer! Obs: Ny frist for påmelding 6.mars!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
MR-mat arrangerast i samarbeid med kompetansenettverket for lokalmat - Matnavet Mære. Tradisjonen tru vekslar gjennomføringsstaden frå sør til nord i fylket for å sikre geografisk spreiing. I 2023 er det Stranda som er staden!
Fagdagane går over to dagar og er delt i to delar. Ein konferanse med tema berekraft og utvikling, og ein fagspesifikk del med kurs innanfor ulike handverk: baking, kjøttnedskjæring, fermentering, ysting og eit kurs til deg som driv serveringsverksemd basert på lokale råvarer! Ein kan velje å vere med på konferanse, fagkurs eller begge.
Meir om både program og enkeltkurs finn du her