Stipend for å fremme smart bruk av tre i Møre og Romsdal
Tredrivaren i Møre og Romsdal lyser ut stipendet for samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebasert industri og næring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektet Tredrivaren
Tredrivaren er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Prosjektets formål er å styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal leggje til rette for auka bruk av tre i bygg, auka kompetanse om bruk av tre som byggemateriell for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og i treindustrien, og å bidra til innovasjon i trebasert industri.
Stipendiet
Ordninga passar for studentar med fag som er interessante for treforedling- og byggebransje, og anna trebasert næring i Møre og Romsdal. Det kan søkjast om stipend til studiepoenggjevande oppgåver, laga i samarbeid med bedrifter med verdiskaping ved bruk av tre. Bedrifta må høyre til i Møre og Romsdal.
Stipendordninga skal skape møteplassar mellom industri og studentar, der idear skal få ein sjanse til å bli utprøvde og utvikla. Målet er å legge til rette for kompetanseheving, innovasjon og rekruttering. Samarbeidet er i seg sjølv også eit mål, som utgangspunkt for kompetanseheving i bedriftene, innovasjon, og rekruttering til bransjane og regionen. Vi håper også at ordninga kan gi motivasjon til studentar innan relevante fagområde.
Kva
Stipendet er på kr 10 000 pr oppgåve og er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.
Kven kan søke
Studentar kan søkje saman med bedrifter i Møre og Romsdal. Oppgåvene skal ha som mål å fremme smarte løysingar for bruk av tre, trebasert industri/bedrifter i Møre og Romsdal. Studentane skal vere knytte til eit studieprogram på bachelor- eller masterprogram innan eit relevant fagområde. Prosjektideen må vere godkjent av ein rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.
Det er tidlegare gitt stipend til oppgåver i det tverrfaglege emnet «Eksperter i team» ved NTNU, og til masteroppgåve i entreprenørskap og innovasjon ved Handelshøgskolen, NMBU.
Gjennom «Ekspertar i team» kom fleire gode idear i løysing av oppgåva «Produktutviklingspotensiale for nye treprodukter i sykehus og andre helsebygg». Dei er beskrivne i rapport frå forprosjektet «Tre og helse».
Last ned rapporten her eller i sidefeltet
I Masteroppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?» kan du lese om brukardriven innovasjon og næringsklynger si rolle for å kunne få til auka bruk av tre i Norske landbruksbygg.
Last ned oppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?» her eller i sidefeltet
Korleis søke om stipend
Fyll inn alle opplysningar i vedlagde søknadsskjema, og send det som vedlegg til e-post til: fmmrchhe@fylkesmannen.no