Fylkesstrategi landbruk med fokus på verdiskaping og berekraft

Bilete som viser dyrkamark i Bjørdalen , i Ørsta kommune.
Bjørdalen i Ørsta kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. Dette er det overordna målet i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal for 2023 – 2026.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2023

Utarbeidd i tett samarbeid med næringa

Møre og Romsdal Fylkeskommune har saman med landbruksnæring og -forvaltning i fylket laga Fylkesstrategi for landbruket. Grunnlaget for strategien vart lagt i tre digitale verkstader i mai og juni 2021. Der deltok tillitsvalde i landbruksorganisasjonane, tilsette i landbruksforvaltninga, politikarar og representantar for ulike interesseorganisasjonar. Føremålet med strategien er å gje retning for utviklinga av landbruket på eit regionalt nivå og bidra til å styrke landbruksnæringa. Fylkestinget vedtok strategien i desember.

Utvalde innsatsområde

I Fylkesstrategien vert det peika på seks innsatsområde, med tilhøyrande resultatmål.

  1. Landbruket i Møre og Romsdal har tapt marknadsandelar, men har potensiale til å produsere meir.
    • Resultatmål: Landbruket i Møre og Romsdal skal auke produksjonen av varer som marknaden etterspør, og som vi har naturgitte fortrinn for å produsere. Produksjonen skal i størst mogleg grad vere basert på berekraftig bruk av lokale innsatsfaktorar.
  1. Produksjonsareala i landbruket har krympa, og må sikrast for framtida.
    • Resultatmål: Behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning.
  1. Landbruket sin foredlingsindustri er avhengig av lokal råvareproduksjon - og motsett.
    • Resultatmål: Auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal.
  1. Landbruket treng kompetanse og rekruttering for framtida.
    • Resultatmål: Auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning.
  1. Landbruket må ta sin del av ansvaret for miljø og klima.
    • Resultatmål: Landbruket skal redusere sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn.
  1. Det er potensiale for ny næring i landbruket.
    • Resultatmål: Fleire og betre forretningsidéar med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål.

Verdien av lokal produksjon

To undersøkingar gjev nyttig kunnskap som strategien byggjer på. Statsforvaltaren har bidratt i finansiering av undersøkingane. Ruralis har skrive rapporten "Trender i landbruket" , der eit utval bønder i Møre og Romsdal er spurt om status og framtidsutsikter. NIBIO har laga "Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal", som viser status og utvikling for verdiskaping og sysselsetting i næringa.

Tilskotsordning for verdiskapande og berekraftig landbruk

Kommunar, organisasjonar, forskingsinstitusjonar og nettverk av bedrifter kan søke om støtte til tiltak som bidreg til å nå eit eller fleire av måla i Fylkesstrategi landbruk. Meir informasjon om ordninga finn de her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.