Korleis kan landbruket møte klimaendringar?

Ein ny rapport frå NIBIO synleggjer kva klimaendringar vi kan vente, og kva konsekvensar dette har for landbruket i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tiltak for å møte utfordringane er mellom anna auka drenering, bruk av klimatilpassa plantemateriale og endra gjødslingspraksis.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2016

Utgreiinga «Tilpassing til eit endra klima – aktuelle tiltak i landbruket på Vestlandet» er laga på oppdrag frå fylkesmennene i dei tre fylka i tillegg til Hordaland fylkeskommune. Initiativet har kome fram gjennom Hordaland fylkeskommune sin klimaplan.

Utgreiinga har størst vekt på grovfôrdyrking, med mellom anna drenering, drift, plantemateriale og handtering av husdyrgjødsel som viktige tema. For einskilde tiltak er det gjort estimat over kostnader i kvart fylke. Frukt- og bærdyrking og skogbruk er òg omtalt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.