Skal bidra til kompetanseutvikling i landbruket

Ønsker de å utvikle prosjekt som kan høgde kompetansen til den norske bonden, gartnaren eller skogbrukaren? Fristen for å sende inn søknad om tilskott frå Kompetanseutviklingsprogrammet for landbruket (KIL) for 2017 er 16. desember 2016. KIL-midla for 2017 er på 6 millioner kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.09.2016

Gjennom å støtte utvikling av kompetansegivande tilbod skal KIL bidra til kompetanseutvikling blant gardbrukarar, gartnarar og skogbrukarar og deira tilsette, og dei som driv tilleggsnæring på eigen gard.

 

I 2017 ser ein gjerne at det vert utvikla kompetansegivande tilbod innanfor desse områda:

-          «Det grøne skiftet» - marknad, klima og miljø

-          Bonden/gartnaren/skogbrukaren som arbeidsgivar - garden/gartneriet/skogen som arbeidsplass

-          Plante- og dyrehelse

 

Berre faglege og økonomiske organisasjonar i landbruket og utdanningsinstitusjonar kan søke om KIL-midlar. Enkeltpersoner kan ikkje søkje. Det kan heller ikkje søkast om tilskott til oppgåver som vert vurdert å vere ein del av søkar sine ordinære arbeidsoppgåver eller drift.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer

KIL