Skogbruksplan og Miljøregistreringar
Skogbruksplanen inneheld areal,- miljø- og ressursoversikter for den einskilde eigendom, oversiktlege og lettleste kart, samt råd om korleis eigedomen bør drivast, både med tanke på økonomi og miljø. Data i skogbruksplanen blir dels henta frå tilgjengelege databaser/kart, dels ved flyfototolking og dels ved feltregistrering.
Oppdaterte skogbruksplaner med miljøregistreringar (MiS) er ein føresetnad for eit aktivt skogbruk. Skogbruksplanlegging involverer mange partar, både offentlige og private. Statsforvalteren har ansvar for å koordinere skogbruksplanprosessane som går føre seg i fylket.
Skogeigaren kan bruke skogfond med skattefordel til å dekkje utgifter til skogbruksplanlegging. Du finn meir informasjon om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar hjå NIBIO og Landbruksdirektoratet (sjå lenkjer).
Fire kommuner har kartlagt skogen sin
Omlag 390 skogeigarar i Kristiansund, Gjemnes, tidlegare Eide og Averøy har kartlagt skogen sin. Aldri har det vore gjennomført ei skogkartlegging med så mange interesserte i Møre og Romsdal.
Publisert 13.09.2021
Revisjon av miljøregistreringane i skog
Miljøregistreringane i skog (MiS) skal sikre biologisk mangfald i skogen. Om vi registrerer arter og livsmiljø, kan vi betre overvake og forvalte miljøverdiane i skogen.
Publisert 27.04.2021
Kartlegging skog Volda
Skogressursane i Volda kommune skal bli kartlagt. Skogeigarar kan tinge skogoversikt for sin eigedom. Desse vil bli levert i desember 2022.
Publisert 08.11.2019
Skogbruksplanmøte - Gjemnes
Det har vore stort oppmøte på informasjonsmøta om skogbrukplanlegging i fellesprosjektet for Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund kommunar.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06