Endeleg Ørstaterminalen sin tur
Etter tredje gongs søknad fekk endeleg Ørstaterminalen tilsagn om midlar til tømmerkai. Landbruksminister Jon Georg Dale møtte sjøl opp i Ørsta 21.09.2016, og fortalde om gladmeldinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruksdirektoratet løyver 12,5 millionar kroner, av ein totalkostnad på 17 millionar, til utbygging av ny kai. Resten av kostnaden vert dekt av eit spleiselag av andre aktørar.
Kaifronten vert forlenga med 85 meter. Mest mogleg tømmer på kaifront effektiviserer tømmerlasting til båt, og reduserer omlastingskostnadene. Vidare vil utbygginga gi større rom for lagring av meir tømmer bak kaia. Med omland som Ørsta, Volda og Eiksundsambandet til øykommunane på ytre Søre Sunnmøre, kan potensialet vere opp mot 60 – 70 000 kubikkmeter tømmer over kaia årleg.
Etter krigen var det omfattande skogplanting i vårt fylke, og Ørsta var ein føregangskommune i så måte. Denne skogen tek no til å bli hogstmoden, og det er viktig at det finst rasjonelle tømmerkaier til å ta hand om tømmeret dei komande åra. Å få store volum over på båt er økonomisk, effektivt og miljøvenleg i høve til å transportere med bil.
Det meste av tømmeret i Møre og Romsdal går ut av fylket på båt. Sagtømmeret går mest til Tyskland, medan massevirket vert selt til Norske skog på Skogn.
Dette er den fjerde kaia i Møre og Romsdal som får statlege midlar som tømmerkai. Fylket har fått ein relativt stor del av tildelte midlar. Ny kai i Sykkylven fekk fylkeskommunal støtte.
Kontaktpersonar
-
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 / 91 88 32 36