Gjødsling av skog i Møre og Romsdal
I regi av Allskog vert det no gjødsla skog med helikopter i Molde, Gjemnes og Surnadal kommunar. Til saman skal rundt 7 000 daa gjødslast. Dette er mest eldre granskog som skal avverkast om rundt 10 år. Skoggjødsling er eit vinn/vinn tiltak for skognæring og klima.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helikoptergjødsling er svært effektivt, men krev god planlegging og tilrettelegging på førehand. Helikopteret nyttar nøyaktig gps-utstyr som sikrar at gjødsla kjem på riktig stad. Det vert lagt inn buffersoner der det ikkje skal gjødslast kring vassdrag og verdifulle miljøverdiar.
Gjødsla inneheld mest nitrogen, med noko kalsium og magnesium i tillegg. Det vert spreidd om lag 55 kg gjødsel pr. da.
Gjødsla fører til auka tilvekst på om lag 0,15 m3 pr.da årleg. Ein kan rekne med auka tilvekst i 6-10 år etter gjødslinga. Det gir skogeigar auka tømmervolum, samt at det gir auka dimensjonar og meir sagtømmer. Gjødsling av eldre skog gir god avkastning til skogeigar sidan det er relativt kort tid frå investeringstidspunktet til hogst.
Auka tilvekst gir og ein klimagevinst ved auka CO2-opptak. Difor vert tiltaket støtta med «klimamidler». Klimatilskotet utgjer 40 % av kostnaden. I tillegg kan kommunen støtte tiltaket med eigne skogkulturmidlar. Gjødslinga i desse tre kommunane kan gje om lag 1 000 m3 ekstra tilvekst pr. år i ein tiårsperiode. For heile perioden tilsvarar det ekstra opptaket av CO2 frå skogen utsleppet til 300 personbilar med normal årleg køyrelengde i same tidsrom.
Utslepp ved produksjon og spreiing av gjødsel er rekna til å utgjere om lag 5 % av netto opptak. Ved riktig utført planlegging og gjødsling har tiltaket liten eller ingen negativ påvirkning på naturmiljøet.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06