Finansiering av landbruksoppdraget til kommunane

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om kor stor bemanning bør vår kommune ha innan landbruksområdet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.10.2022

Landbruksoppdraget er finansiert i inntektssystemet til kommunane. Ved at landbruksoppdraget er finansiert gjennom inntektssystemet, inngår det også i utgiftsutjamninga. Utgiftsutjamninga innan dei ulike sektorane skal sikre at dei kommunane som ut frå objektive kriterie har størst utfordringar innan sektoren, også får kompensasjon for det.

Det er 8 sektorar som er omfatta av utgiftutjamninga. Sektorandelen viser kor stor økonomisk tyngde sektoren har i kommunane.

Sektorane som er omfatta av utgiftsutjamninga er: 

imageoxagv.png

Pengane som går inn i inntektssystemet (skatt og rammetilskot) er frie inntekter. Dette betyr at ingen skal kunne gjøre berekningar og seie at så mykje av dei frie inntektene skal gå til ein bestemt sektor. Det er opp til kommunestyret å avgjøre fordelinga av desse midlane, for å løyse dei oppgåvene som kommunen har ansvaret for.

Når vi kan berekne kor store overføringar dei ulike sektorane utløyser, kan dette brukast som ei vurdering av kor mykje det ut frå objektive kriterie bør koste å ha ei landbruksforvaltning. Så er det slik at kommunene er i sin fulle rett å bruke mindre om dei har ei effektiv landbruksforvaltning, men kan også risikere å bruke meir om arbeidet flyt dårleg. Ansvaret for oppgåva ligg til kommunen uansett.

Dei kommunevise tala i tabellen under kan også forståas som at om lanbruksoppdraget hadde blitt overført til eit anna forvaltningsnivå, hadde inntektene til kommunen blitt redusert som vist i tabellen.

Lanbruksoppdraget består av 3 kriterie (samlet i kolonne 2 under «indeks for landbrukskriterie»): Antal jordbruksbedrifter, antal landbrukseigendomar og totalarealet i kommunen.

Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om kor stor bemanning bør vår kommune ha innan landbruksområdet. Då viser vi gjerne til tabellen under.

Tabellen viser fordeling etter kostnadsnøkkelen i regjeringa sitt vedtatte statsbudsjett for 2023.

imageo6etw.png

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar