Informasjonsbrev veke 02/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Bruk av SMIL-midlar i 2022 
  • Straumstøtteordning for landbruket 
  • Kva må til for auka bruk av Inn på tunet i vidaregåande opplæring? 
  • Nytt Gårdskart aktuelt  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2023

Bruk av SMIL-midlar i 2022 

I 2022 var det innvilga vel 8,4 millionar i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Møre og Romsdal. Denne summen fordeler seg på 220 vedtak om tilskot.  

Det blei innvilga mest til kulturlandskapstiltak (59 %), tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (19 %) og til kulturminne og kulturmiljø (19 %). 

Les meir om bruken av SMIL-midla her  

Kontaktperson Ragnhild Naug Aas 

 

Straumstøtteordning for landbruket 

I samband med at det for tida er ekstraordinært høge straumprisar har regjeringa innført straumstøtteordningar. Det er litt ulike ordningar for hushaldningar, jordbruket og øvrig næringsliv. Ordninga for jordbruket har vore gjeldande frå april 2022, men det er først no frå desember vi har slike straumprisar i vårt fylke at ordninga slår inn. Så langt vi veit p.t. gjeld ordninga ut mars 2023. Ordninga dekker 80 % av straumkostnader over 70 øre/kWt ekskl. mva på månadsbasis. 

For jordbruksføretak er dette ei søknadsbasert ordning. Det er Landbruksdirektoratet som administrerer straumstøtteordninga for jordbruk. Ein søker på same måte som for dei fleste andre tilskot, med lenke til søknadsskjema her; Strømstøtte for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag - Landbruksdirektoratet og med pålogging via Altinn. Vilkåret for å kunne søke er i grove trekk dei same som for å kunne søke produksjonstilskot; føretak registrert i Enhetsregisteret og føretaket må vere tilknytta ein landbrukseigedom i Landbruksregisteret.  

Fristen for å søke er 28. februar dersom ein vil ha med seg straumstøtte for desember 2022. Ein kan også søke seinare (heilt til 31. mai), men då vil ein ikkje få straumstøtte for lenger tilbake enn januar 2023. Det er tilstrekkeleg å sende éin søknad. Då er føretaket registrert som straumstøttemottakar og straumstøtte vil bli utbetalt månadleg basert på opplysningane i Elhub.  

Strømstøtte for jordbruksforetak og veksthus, informasjonsside - Landbruksdirektoratet ligg meir informasjon om ordninga. 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken

 

Kva må til for auka bruk av Inn på tunet i vidaregåande opplæring? 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har jobba med eit av fire pilotprosjekt, tildelt av Landbruksdirektoratet i eit nasjonalt Inn på tunet løft. Vår pilot var retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finn du her.  

Prosjektet vart avslutta før jul. Kunnskap om Inn på tunet-tilbodet, økonomi, fagleg kvalitet og nærleik til garden er viktige moment for at Inn på tunet skal vere aktuelt i vidaregåande opplæring. Meir om utfordringane ved kjøp av Inn på tunet-tenester og kriterie ved val av Inn på tunet-leverandør finn du her.  Sluttrapporten er også tilgjengeleg her.   

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger

 

Nytt Gårdskart aktuelt  

NIBIO har lagt ut nytt Gårdskart aktuelt 1/23 på sine nettsider. 

Her kan ein mellom anna lese om: 

  • AR5WEB – kurs og vegleiing 
  • Ny funksjonalitet i Beta-kilden 
  • SR16 i Kilden – Skogportalen 

Kontaktperson: Odd Løset

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.