Informasjonsbrev Veke 06/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Oppdatert statistikk over tiltak i skogbruket i Møre og Romsdal 
  • Skogsamling i Molde  
  • Inn på tunet-film 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2023

Oppdatert statistikk over tiltak i skogbruket i Møre og Romsdal 

Under følgjer lenke til statistikk over dei mest vanlege skogbrukstiltaka i fylket. Ein kan få tal for fylket, region eller kommune. Statistikken er for åra 2000 og fram til og med 2022. I fjor var det nær dobling av planta areal i høve til året før. Det er 25 år sidan det var planta like mykje. Vidare var det utført noko meir ungskogpleie, men behovet er nok langt større. Hogsten gjekk noko ned, men grunna auka tømmerpris var bruttoverdien av tømmeret nær 30 % høgare enn føregåande år.  

Statistikken finn du under fana Dokument her.   

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Skogsamling i Molde  

Statsforvaltaren arrangerer skogsamling for forvaltning og næring i Molde 14.-15.mars. Programmet famnar vidt. Det vert m.a. innlegg om skogøkonomi, råte, skogskader, Trefadder og landbruksvegforskrifta. Vidare vil næringsaktørane bidra med nyhende, og det blir ein gjennomgang av skogbruksaktiviteten i fjor.  

Lenke til program og påmelding finn du her.   

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Inn på tunet-film 

Som del av Inn på tunet-prosjektet, har Statsforvaltaren fått laga ein kort film som informerer om Inn på tunet. Her får vi møte Tore Vangen ved Tingvoll vidaregåande skole. Ein dag i veka får han kjenne meistring, læring og trivsel hos Inn på tunet-tilbydar Stall Stølan. 

Bruk gjerne filmen til å informere om Inn på tunet 😊 

Meir informasjon og lenke til filmen her. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.