Informasjonsbrev veke 08/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Landbrukskonferanse 3. mars med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning 
  • Kom med innspel til nasjonal jordvernstrategi 
  • Skogsamling i Molde 14. - 15. mars
  • MRmatfagdagar for lokalmatprodusentar og lokalmattilbydarar 14. Og 15.mars 
  • Innføringskurs i klimagassar frå landbruket 26. - 27. april 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2023

Landbrukskonferanse 3. mars med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning 

Minner om påmeldingsfrist 23. februar! Program og påmelding finn du her 

Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og vert arrangert fredag 3. mars i Molde. Målgruppa er er bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. Årets konferanse har særleg fokus på berekraft, beredskap og utnytting av ressursane i Møre og Romsdal. 

Hjelp oss gjerne med å spre invitasjonen til Landbrukskonferansen! 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Kom med innspel til nasjonal jordvernstrategi 

Stortinget fatta i juni 2022 eit anmodningsvedtak, der Regjeringa vart bedd om å leggje fram ein ny jordvernstrategi med nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye, konkrete tiltak for å nå målet. Strategien skal leggjast fram våren 2023. Dette er bakgrunnen for at Landbruks- og matdepartementet har satt i gang eit arbeid med å oppdatere den nasjonale jordvernstrategien. 

Du vert invitert til å gi innspel til departementet sitt arbeid med jordvernstrategien. Innspel kan sendast til departementet sin e-postadresse postmottak@lmd.dep.no innan 6. mars 2023. 

Meir informasjon finn du her 

Kontaktperson: Tormod Bastian Meisingset 

 

Skogsamling i Molde 14. - 15. mars  

Minner om påmeldingsfrist 28. Februar! Program og påmelding finn du her 

Programmet famnar vidt. Det vert m.a. innlegg om skogøkonomi, råte, skogskader, Trefadder og landbruksvegforskrifta. Vidare vil næringsaktørane bidra med nyhende, og det blir ein gjennomgang av skogbruksaktiviteten i fjor.    

Kontaktperson: Odd Løset 

 

MRmat – fagdagar for lokalmatprodusentar og lokalmattilbydarar 14. Og 15.mars 

Minner om påmeldingsfrist 1.mars. Program og påmelding finn du her. Del gjerne med aktuelle deltakarar! 

Det blir ein dag med konferanse og ein dag med fagkurs innanfor ulike handverk: baking, kjøttnedskjæring, fermentering, ysting og eit for til dei som driv serveringsverksemd basert på lokale råvarer. 

Kontaktperson: Marie Teigland  

 

Innføringskurs i klimagassar frå landbruket 26. - 27. april 

NMBU arrangerer nytt innføringskurs i klimagassar frå landbruket 26. - 27. april på Thon Hotel Ski. 

Primær målgruppe for kurset er rådgjevarar i landbruket som arbeider med spørsmål relatert til klimatilpassing og utslepp av klimagassar frå landbruket, samt tilsette i forvaltninga i kommuner og fylke, skuleverk og direktorat som arbeider med/er interessert i landbruk og klima. 

Meir informasjon og påmelding her. Påmeldingsfrist 23.03. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.