Informasjonsbrev veke 11/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Fylkesnytt frå Møre og Romsdal  
  • Plantevernmidler – autorisasjonsbevis og krav til bruk 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2023

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets fyrste utgåve er no publisert, og kan lesast her 

Vi har skrive om kva som skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag. Andre tema er kommunane si handheving av driveplikt, Fylkesstrategi for landbruk 2023 – 2026, nesten dobling av planta skogareal i 2022, stipend frå Tredrivaren som bidreg til at tresøppel vert designmøblar, og smakar frå Møre og Romsdal på Grüne Woche i Berlin.  

Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her 

  

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Plantevernmidler – autorisasjonsbevis og krav til bruk 

For å kunne kjøpe eller bruke plantevernmidler krevst det autorisasjonsbevis. Det er Mattilsynet som er fagmynde for plantevernmidler, men både statsforvaltar og kommune har ei rolle med å legge til rette for kurs og eksamen for dei som ønskjer autorisasjonsbevis. I tillegg til slikt autorisasjonsbevis blir det stilt krav til funksjonstesting av spreieutstyret, at bruken av det aktuelle plantevernmidlet er riktig, at det blir ført plantevernjournal, riktig oppbevaring og handtering samt integrert plantevern. 

Vi vil nytte høvet til å gjere merksam på at det er generelt krav til 10 meter brei vegetert buffersone mot overflatevatn. Overflatevatn inkluderer opne grøfter. Det betyr at ein ikkje kan sprøyte nærmare overflatevatn enn 10 meter, og at det må vere eit veletablert tett dekke av enten gras eller andre vekster i buffersona. For nokre plantevernmidler kan det vere større avstandskrav enn 10 meter. Det som står på etiketten er styrande for bruken av midlet. Det finst nokre få unntak frå kravet til 10 meter vegetert buffersone. Dette og anna finst det mer om på Vegeterte buffersoner for å beskytte vannmiljøet mot plantevernmidler | Mattilsynet 

 

Kontaktpersonar: Tone Helen Rørseth og Per Eldar Nakken 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.