Informasjonsbrev veke 13/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • WEBINAR –  Om kulturminne og kulturmiljøforvaltning - 20.april  kl. 09.30 – 11.00
  • WEBINAR – Om biologisk mangfald og tilskotsforvaltning 27.april kl. 09.30 – 11.00
  • Innføring av to-faktor godkjenning i ØKS

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2023

WEBINAR –  Om kulturminne og kulturmiljøforvaltning - 20.april  kl. 09.30 – 11.00  

Informasjon, råd og rettleiing om kulturminne- og kulturmiljøforvaltning. Relevant for dei som jobbar med SMIL, UKL, verdsarv og RMP mfl. 

Det er Hilde Yri, rådgivar bygningsvern ved seksjon for kulturarv i fylkeskommunen, som vil halde presentasjonen i webinaret. 

Send gjerne inn spørsmål i forkant av webinaret.  Det er kanskje fleire som lurer på det same!  
   
Det er sendt ut møteinvitasjon i Outlook (på e-post). Her kan du sjå fullstendig agenda. Ta kontakt om du ikkje har fått meldt deg på!  

Kontaktperson: Ragnhild N. Aas  

  
WEBINAR – Om biologisk mangfald og tilskotsforvaltning -  27.april kl. 09.30 – 11.00 

Informasjon, råd og rettleiing om biologisk mangfald og  tilskotsforvaltning. Relevant for dei som jobbar med SMIL, UKL, verdsarv og RMP mfl. 

Det er våre kollegaer på miljøvernavdelinga, Solveig, Hege og Marita, som vil holde presentasjonane i webinaret. 

Send gjerne inn spørsmål i forkant av webinaret.  Det er kanskje fleire som lurer på det same!  
   
Det er sendt ut møteinvitasjon i Outlook (på e-post). Her kan du sjå fullstendig agenda. Ta kontakt om du ikkje har fått meldt deg på! 

Kontaktperson: Ragnhild N. Aas 

 

Innføring av to-faktor godkjenning i ØKS 

Landbruksdirektoratet innfører no to-trinns godkjenning i fagsystemet ØKS. Endringa medfører ein rolle- og oppgavefordeling mellom saksbehandling og godkjenning av tilskot og refusjonssaker i ØKS. Se brevet fra Landbruksdirektoratet her. 

Før endringa blir iverksatt må kommunane få på plass en skriftleg delegert budsjettdisponeringsmynde (BDM), for den eller dei personane som skal ha godkjenningsmynde for skogsaker i kommunen. Kommunen skal og ha tilfredsstillande internrutinar for oppfølging av BDM. 

For registrering og tildeling av rollar i fagsystemet ØKS, sendes formalisert BDM-avtale i kommunen til sfmrpost@statsforvalteren.no innen 28. april 2023. Merk oversendinga: BDM ØKS «navn» «kommune», 23/2501. 

Det er viktig at kommunane får dette på plass så fort som mogleg. 

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.