Informasjonsbrev veke 17/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal 
  • AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal
  • Utsett frist til 15.mai for å foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2023  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.04.2023

Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har lagt ut ein kronikk om hjortebestanden i fylket, og   

meiner at bestanden framleis er for høg trass ein nedgong i avskytinga i fjor. Hjorten gjer stor skade på innmark, skog og naturmangfald. Kronikken finn du her: 

Framleis for mykje hjort i Møre og Romsdal 

Kontaktperson: Odd Løset     

 

AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal 

Statsforvaltaren vil saman med NIBIO arrangere AR5 feltkurs i Rauma kommune 15. juni. Heile denne kursdagen går føre seg ute.  Gjennomgang av teori vil skje via webinar i forkant av feltkurset den 25. mai (kl. 9-11). Det ligg meir informasjon her: AR5 feltkurs 

Påmelding til underteikna innan 16. mai. 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Utsett frist til 15.mai for å foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2023 

Kulturlandskapsprisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Les meir her.  

Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit enkelt elektronisk skjema som de finn ved å følgje denne lenka.    

Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse!  

Frist til å komme med forslag på kandidatar er utsett til 15.mai  

Kontaktperson: Ragnhild N. Aas  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.