Informasjonsbrev veke 18/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Jordbruksklynga Agritech cluster 
  • Frå båsfjøs til lausdriftsfjøs? Innovasjon Norge kan gje støtte til ressursavklaring før investering 
  • Tiltak for å hindre spreiing av fugleinfluensa 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2023

Jordbruksklynga Agritech cluster 

På Teamsmøtet med informasjon om Fylkesstrategi landbruk 25.05 vart Agritech cluster nemnt av Kirsti Hjelme Connor i Fylkeskommunen. Agritech cluster er ei teknologiorientert jordbruksklynge i Midt-Norge, dvs dekker Trøndelag og Møre og Romsdal. Klynga skal bidra til utvikling og bruk av ny landbruksteknologi gjennom nettverk og samarbeidsprosjekt. Medlemskap i klynga er aktuelt både for oppstartsselskap, og store og små veletablerte føretak frå jordbruket si verdikjede. Medlemskap er aktuelt også for tilknytta bransjar som bankar, kraftselskap, sagbruk, osv. Kombinasjon av unge teknologiselskap saman med etablerte organisasjonar kan utløyse ny teknologi, produkt og gründerbedrifter i heile verdikjeda.  

Tips gjerne aktuelle bedrifter i di kommune om nettsida til jordbruksklynga. Der finnast informasjon om formål, aktivitetar og medlemskap. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Frå båsfjøs til lausdriftsfjøs? Innovasjon Norge kan gje støtte til ressursavklaring før investering 

Bruk som står framfor vegval om investeringar, kan søke Innovasjon Norge om inntil kr 100 000 i støtte til prosessen med avklaringar, kartlegging og undersøkingar. Maksimal sum gjeld særleg i dei tilfella der omfattande bygningsmessige undersøkingar på eksisterande bygningsmasse er nødvending. 

Meir informasjon om støtteordninga finn du her. Regional prioritering av landbruksmidlane er også omtalt i artikkelen. På Innovasjon Norge sine nettsider finn du informasjon om tilskotssatsar og søkndasprosess. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Tiltak for å hindre spreiing av fugleinfluensa 

Det er nyleg påvist fugleinfluensa hos parkfuglar i parken `Vanndamman` i Kristiansund sentrum. Dette er første gang fugleinfluensa er påvist på tamme fuglar i Møre og Romsdal.  

Mattilsynet har oppretta ei vernesone (3 km) og ei overvakingssone (10 km) rundt utbrotet. I sonene gjeld ei rekke forbod og restriksjonar, som har betydning for alle som driv dyrehald med fuglar. På Mattilsynet si nettside finn du informasjon om kva reglar som gjeld. 

Alle som har fjørfehald (t.d. høner, ender, duer) skal registrere det hos Mattilsynet. Dette er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Kravet til registrering gjeld heile tida, uavhengig av fugleinfluensaen. 

Kontakt: Mattilsynet  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.