Informasjonsbrev veke 19/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Matgledekorps i Møre og Romsdal 2023 
  • Invitasjon til miniseminar om landbruksbasert biogass 
  • Kva er berekraftig matproduksjon? 
  • Påminning: AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal  
  • Nytt system for melding om mogleg produksjonsvikt 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2023

Matgledekorps i Møre og Romsdal 2023 

No kan fleire kommunar i fylket få besøk av matgledekorpset – om dei melder interesse. Landbruks- og matdepartementet har gitt nye midlar til satsinga. 

I år blir tre institusjonar valt ut til å få besøk av matgledekorpset. Institusjonane skal vere med å arrangere eit arbeidsseminar for sine eigne tilsette, både leiing, pleiepersonell og kjøkkenpersonell. Også tilsette ved institusjonar i nærområdet vert invitert til å delta. Vertskapsinstitusjonane må søke om å vere vertsskap. Søknadsfrist 30.mai. 

For meir informasjon: Matgledekorpset på ny turne i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Invitasjon til miniseminar om landbruksbasert biogass 

Statsforvaltaren ser behovet for å kommunisere betre med kommunane kring regelverk og kunnskap om kva eit landbruksbasert biogassanlegg er, og kva som bør inngå i svar til søknad om utsleppsløyve. 

Vi inviterer difor til eit miniseminar fredag 2. juni kl 10 – 11.30 på Fylkeshuset i Molde. 

Etter møtet og lunsj er vi invitert til Morten og Martin Toreli i Hustadvika for omvising på deira nye biogassanlegg, driven på husdyrgjødsel, meieri-, og fiskeslam, for straumproduksjon.  

Agenda: 

kl 10.00 Velkommen 

Teknisk om Biogass, moglegheiter, krav og utvikling innan sektoren v/Ingvar Kvande - NORSØK 

Forventningar til svar frå kommunane, omfang i M&R, v/Christian Dahl – SF Miljøvernavdelinga 

kl 1130 Lunsj 

kl 1215 Avreise til Hustadvika  

kl 1400 Avslutning  

Fagdelen før lunsj kan følgjast på Teams.  

Oppmodar om at invitasjonen spreiast internt i kommunen. Landbruk og byggesak er viktige målgrupper. 

Påmelding sendast på mail innan 25. mai til Åsmund Asper fmmrasas@statsforvalteren.no 

Kontaktperson: Åsmund Asper  

 

Kva er berekraftig matproduksjon? 

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal. 

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei bestemmer seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?". 

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skulen! 
 
Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar. 

Kontaktperson: Britt Kari Eidseflot Hauger 

 

Påminning: AR5 feltkurs – klassifisering av landbruksareal  

Statsforvaltaren vil saman med NIBIO arrangere AR5 feltkurs i Rauma kommune 15. juni. Heile denne kursdagen går føre seg ute.   

Gjennomgang av teori vil skje via webinar i forkant av feltkurset den 25. mai (kl. 9-11). Det ligg meir informasjon her: AR5 feltkurs  

Påmelding til underteikna innan 16. mai.  

Kontaktperson: Odd Løset  

 

Nytt system for melding om mogleg produksjonsvikt 

Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn.  
Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte.    Meir informasjon her 

 Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset / Per Eldar Nakken 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.