Informasjonsbrev veke 28/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Ingen utbetalingar frå Landbruksdirektoratet i vekene 29 og 30 
  • Meld inn behov om dreneringsmidlar fortløpande 
  • Påfyll av kunnskap om AR5
Publisert 12.07.2023

Ingen utbetalingar frå Landbruksdirektoratet i vekene 29 og 30 

Landbruksdirektoratet melder at det ikkje vert køyrt utbetalingar i vekene 29 og 30 pga. ferieavvikling. 

Kontaktpersonar: Marianne Aas Halse og Odd Løset 

 

Meld inn behov om dreneringsmidlar fortløpande 

Per no er det 2,8 millionar i dreneringsmidlar som ikkje er fordelt til kommunane. Dette gir eit godt handlingsrom for dei auka satsane frå 1.juli og for fleire tilskotssøknader. Les om dei auka tilskotssatsane her  

Meld inn behov fortløpande dersom de har behov for meir midlar i kommunen.  

Vi oppfordrar også til å følge med på eventuelle inndratte midlar på ordninga gjennom året.  

Kontaktpersonar: Ragnhild N. Aas og  Tone Rørseth  

 

Påfyll av kunnskap om AR5  

I midten av juni blei det arrangert feltkurs i AR5 i Rauma. Her deltok 20 personar frå ulike kommunar og frå Statsforvaltaren. Les meir her  

Treng du litt repetisjon av teorien knytt til AR5? Da kan du sjå opptak av webinar med NIBIO, som du finn her.  Elles finn du mykje informasjon om AR5 på NIBIO sine heimesider, her.  

Kontaktperson: Odd Løset  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.