Informasjonsbrev veke 39/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Mentorordninga i landbruket 
  • Statistikk for kommunar og fylker 
  • Faktaark om kommunane 
  • Ny versjon av SKART tilgjengeleg i App Store og Google Play
  • Påminning om resultatkartlegging og foryngingskontroll 
  • Stort engasjement på samling for kommunal jordbruksforvaltning 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2022

Mentorordninga i landbruket 

Mentorordninga i landbruket inneber at ein som ny bonde kan gjere ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet og lokal foredling. Unge bønder under 35 år skal prioriterast i ordninga. 

Tilbodet er gratis. Søknadsfrist 1. desember. 

Meir informasjon finnast her

Informer gjerne om tilbodet til nye bønder i kommunen! 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Statistikk for kommunar og fylker 

Vi har gjort tilgjengeleg eit rekneark som baserer seg på søknadsdata frå søknader om produksjonstilskot. Talgrunnlaget strekker seg tilbake til 2000. I dette reknearket kan ein finne tal for både status og utvikling for landet eller for eit fylke eller ei kommune. 

Ein styrer kva ein vil sjå tal for ved å filtrere eller ta bort filtrering. Det er berre å prøve seg fram. Det går ikkje an å gjere mykje gale. Databasen er skjult og skrivebeskytta. 

Reknearket ligg på heimesida vår: Statistikk kommunar og fylker | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken 

 

Faktaark om kommunane 

I samband med ei verdiskapingsanalyse for landbruket i Møre og Romsdal som NIBIO har laga no i 2022, er det også utarbeidd eigne faktaark for kvar kommune. Desse inneheld opplysningar om m.a. innbyggartal, areal, jordbruksareal, tal føretak, verdiskaping målt som bruttoprodukt m.v. Dette er nyttig oppslagsverk og informasjon om næringa som no ligg tilgjengeleg på heimesida vår: Faktaark kommunane - 2022 | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken 

 

Ny versjon av SKART tilgjengeleg i App Store og Google Play imagebqfx.png

Appen SKART har vore nytta til resultatkartlegging sidan tidleg i haust. Denne har fått gode tilbakemeldingar, men det er oppdaga nokre feil.  

Desse feila er retta og ny versjon er tilgjengeleg i App Store og Google Play.  Brukarane må enten laste ned ny versjon eller oppdatere den gamle. Prosedyren er avhengig av kva innstilling ein har på telefonen (automatisk oppdatering av apper).  

I ny versjon av SKART vert brukar automatisk logga ut etter 72 timer utan aktivitet.  

Kartleggingar under arbeid vil framleis vere tilgjengelege om ein ikkje slettar gamal versjon før ny vert installert.  

Det vil og bli lagt ut informasjon om ny versjon av SKART på startsida i ØKS. 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Påminning om resultatkartlegging og foryngingskontroll 

Det er få registreringar i ØKS etter foryngingskontrollar og resultatkartleggingar rundt om i fylket. No og framover er det lett å telje småplanter.  

Utvalde felt i sin kommune finn ein under fana Kontroll i ØKS.  

Dette er ein lovpålagt oppgåve etter Skogbrukslova og ein ber om at dette arbeidet vert prioritert.  

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Stort engasjement på samling for kommunal jordbruksforvaltning 

Den 21.-22.september arrangerte Statsforvaltaren forvaltningssamling for dei kommunale landbrukskontora i Møre og Romsdal. Samlinga hadde eit variert program og god deltaking frå alle kommunane. 

Les meir om samlinga her 

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.