Informasjonsbrev veke 43/2023
- Invitasjon til webinar om slåttemark 29. november kl. 19.30 - 21.20.
- Matglede på agendaen på Stranda
- Utvida søknadsfrist for Regionalt Miljøtilskot i jordbruket (RMP)
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Invitasjon til webinar om slåttemark 29. november kl. 19.30 - 21.20.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving Nordvest halde webinar om slåttemark.
Tema: Artsmangfald i slåttemarka, skjøtsel og tilskot.
Målgruppe: Grunneigarar, drivarar og andre som er interessert i å lære meir om skjøtsel av slåttemark.
Webinaret er gratis. Det er ingen påmelding, men set av datoen i kalenderen.
Vi oppmodar kommunane til å dele invitasjonen med grunneigarar, drivarar og andre i kommunen.
Meir informasjon om og lenke til webinaret finn du ved å følge denne lenka.
Kontaktperson: Marita Fjelle (Miljøvernavdelinga)
Matglede på agendaen på Stranda
Matgledekorpset er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Landbruks- og matdepartementet. Korpset jobbar med å skape meir mat- og måltidsglede hos eldre. Mindre matsvinn, god helse, brukarinvolvering og bruk av lokale/regionale råvarer i sesong er også viktig. Landbruksavdelinga leier prosjektet i godt samarbeid med helse- og sosialavdelinga.
Etter søknad er to institusjonar til valgt ut til å vere vertskap for arbeidsseminar med Matgledekorpset. Dette er Sandetun i Sande kommune 28. november og Eide omsorgssenter i Hustadvika 29. november. I tillegg er det planlagt eit Matglede-webinar i desember.
Kontaktperson: Marie Teigland
Utvida søknadsfrist for Regionalt Miljøtilskot i jordbruket (RMP)
Søknadsfristen er normalt 15.oktober, men er no opna for å levere fram til og med 29.oktober, utan å få trekk for levering etter fristen.
Årsaka til den utvida søknadsfristen er tekniske problem i søknadsportalen for RMP.
Vi oppmodar kommunane til å informere om denne utvidinga.
Lenke til meir informasjon om ordninga på Statsforvaltaren si heimesida.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset og Per Eldar Nakken