Informasjonsbrev veke 44/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Dato for stenging av Agros i 2022 er måndag 12.desember 
  • Tid for årsrapportering for LUF-ordningar: Forbruk i 2022 og behov for 2023 
  • Siste frist for å anvise tilskot i ØKS er onsdag 7. desember 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2022

Dato for stenging av Agros i 2022 er måndag 12.desember 

Frå og med 12. desember til og med 3. januar vil Agros være stengt for godkjenning av nye vedtak og utbetalingar.   

Alle saker som skal bli utbetalt/innkravd i 2022, må være godkjent i Agros  før måndag 12.desember. 

Det vil bli lagt inn ei melding på tenestesida til Agros slik at dykk blir minna på dette kvar gong dykk logger inn.  

Frå tysdag 4. januar kan dykk godkjenne vedtak når Landbruksdirektoratet/Statsforvalterne har lagt inn ny ramme på ordningane. Dykk vil få beskjed når ramma for 2023 er lagt inn.  

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas  

 

 Tid for årsrapportering for LUF-ordningar: Forbruk i 2022 og behov for 2023 

Da er det tid for LUF-rapportering. Her det skal rapporterast om forbruk i 2022 og behov for 2023. Rapporteringa skjer via bruk av spørjeskjema i Office Forms.  

Alle saksbehandlarar og jordbrukssjefar skal ha fått tilsendt ein e-post med informasjon om rapporteringa og lenke til spørjeskjema.  

Alle kommunar skal fylle ut eit skjema for ordningane SMIL, tiltak i beiteområde og drenering. Kommunar som har forvaltningsansvar for UKL og Verdsarv har fått tilsendt lenke til eit eige skjema for desse to ordningane.  

Frist for å rapportere er torsdag 17.11.2022.  

Har du spørsmål, så er det berre å ta kontakt.  

Kontaktpersonar: Tone Helen Rørseth, Ragnhild Naug Aas  

 

 Siste frist for å anvise tilskot i ØKS er onsdag 7. desember 

Alle utbetalingar av tilskotssaker i ØKS må være registrert innan 7. desember. Hugs at skogeigar kan få utbetalt skogfond etter den datoen dersom vedkommande har inneståande på konto.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.