Informasjonsbrev Veke 45/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Marie Teigland – ny medarbeidar på landbruksavdelinga 
  • Vellukka fagdag for Inn på tunet-tilbydarar 
  • Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 4/22 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.11.2022

Marie Teigland – ny medarbeider på landbruksavdelinga 

I forrige veke starta Marie som rådgjevar hos Statsforvaltaren. Her skal ho jobbe med lokalmat og næringsutvikling.   

Marie er utdanna naturgeograf og adjunkt, og har yrkeserfaring frå fleire filt innanfor landbruk og frivilleg arbeid. Ho har tidlegare jobba for 4H Møre og Romsdal, bygd opp Frivilligsentralen og ungdomsklubben i Nesset (no Molde kommune). 

På «privaten» har ho og mannen bygd opp att eit gamalt bruk og laga foredlingsanlegg på garden. Ho har vore aktiv i oppretting av fleire REKO-ringar og brenn for kortreist mat og landbruk! 

Kontakt: matei@statsforvalteren.no 

 

 Vellukka fagdag for Inn på tunet-tilbydarar 

Gardbrukarar som tilbyr, eller ynskjer å tilby, Inn på tunet-tenester i Møre og Romsdal har vore samla til ein fagdag. Både oppvekstforma og behov for godkjende lærebedrifter var tema denne dagen. Arrangementet samler fleire interesserte som vurderer, eller som er i gjengen med, å etablere seg som Inn på tunet-tilbydarar. Dette vart ein fin møteplass for erfaringsutveksling, i tillegg til fagleg oppdatering. 

Omtale av fagdagen og presentasjonane finnast  Her 

Kontaktperson: Brit Kari Eidsflot Hauger

 

Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 4/22 

Det er kome ei ny utgåve av Gårdskart aktuelt som ligg her . 

Her kan ein mellom anna lese om: 

  • Beta-Kilden - test den nye versjonen av Kilden før den er ferdig! 
  • Enndringskart AR5 
  • Kurs i AR5web 

AR5web har fått gode tilbakemeldinger. NIBIO legg opp til at ein må ha kurs før ein tek i bruk løysinga. Det er sett opp til kurs før jul (17.nov. og 15. des.). Ta kontakt med underteikna for påmelding. 

Meld gjerne i frå om behov for foredrag/presentasjoner knytt til alle forhold rundt AR5. 

Kontaktperson: Odd Løset

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.