Informasjonsbrev veke 47/2002

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Fagdag om kantsoner og biologisk mangfald 
  • MR-mat 2023 
  • Internationale Grüne Woche 2023  
  • Statistikk over tiltak i skogbruket i Møre og Romsdal 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2022

Fagdag om kantsoner og biologisk mangfald 

Norsk landbruksrådgivning Nordvest og lokale Bonde- og småbrukarlag har denne hausten arrangert ein møteserie om kantsoner og biologisk mangfald i fleire kommunar. Siste møtet i rekka finn stad på Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 3. desember. 

Dette er eit relevant tema også for landbruksforvaltninga.  

Meir informasjon finn du her

Kontaktperson: Per Eldar Nakken

 

MR-mat 2023 

I samarbeid med Matnavet på Mære med fleire er vi i gong med å planlegge for MR-mat i 2023. MR-mat er ei fagsamling for småskala matprodusentar og serveringsbedrifter som går over to dagar. I 2023 vil det foregå som ei fysisk samling i februar/mars. Vi kjem tilbake til dato så snart den er satt. Kom gjerne med innspel til ønske om fagleg innhald ut ifra dei behova de kjenner til hjå aktuelle deltakarar.  

Kontaktperson: Marie Teigland

 

 Internationale Grüne Woche 2023  

Landbruks- og matdepartementet står saman med Innovasjon Norge bak den norske deltakinga på Grüne Woche, ei internasjonal messe for landbruksvarer og reiseliv. Målet med den norske deltakinga er å styrke dei deltakande lokalmataktørane fagleg, samt å presentere norsk mat og reiseliv i den tyske og internasjonale marknaden. Messa går av stabelen i Berlin 20. - 29.januar 2023 og arrangørane reknar med besøkande frå meir enn 72 land!  

Saman med region Fjord Noreg reiser ein delegasjon frå Møre og Romsdal på messa. Dei utvalgte produsentane frå Møre og Romsdal som skal være med er: Frøysagarden, Fredheim Gard, SiderAS (Fjordsider), Skarbø Gard og Eggen restaurant. 

Meir info finnast her 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Statistikk over tiltak i skogbruket i Møre og Romsdal 

Under følgjer link til statistikk over dei mest vanlege skogbrukstiltaka i fylket. Ein kan få tal for heile fylket, fogderi eller kommune. Statistikken er for åra 2020 og fram til i dag. Tala viser ein markant auke i hogsten dei siste åra, medan planta areal ikkje har same utvikling. Tidlegare var det størst skogbruksaktivitet på Nordmøre, men no er det rimeleg likt over heile fylket. Ein tek sikte på å oppdatere tala årleg 

Lenkje til statistikk finn du her. 

Kontaktperson: Odd Løset  

 

Skogsamling i Ørsta 16. - 17. november 

Statsforvaltaren arrangerte skogsamling for kommunalt tilsette i Ørsta den 16.-17.november. Andre aktørar som arbeider innan skogbruk i fylket vert og invitert. Grunna korona blei samlinga utsett til i haust. Arrangementet gjekk over to dagar med utgangspunkt i Havila Hotel Ivar Aasen. Under skogsamlinga blir kommunane informert om nye føringar og budsjettmidlar frå Statsforvaltaren. I tillegg er det innlegg om aktuelle fagtema innan skogbruk.   

Omtale av samling og presentasjonane finnast her 

Kontaktpersoner: Odd Løset og Åsmund Asper  

 

Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-11  

Virkesopplysingar for periode 2022-11 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for godkjenning er fredag 25. november. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.