Informasjonsbrev veke 49/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Kurs i webbasert oppdatering av AR5 
  • MRmat 2024 
Publisert 06.12.2023

Kurs i webbasert oppdatering av AR5 

NIBIO arrangerer kurs i webbasert oppdatering av AR5 på Teams onsdag 13. desember kl. 09.00 

AR5web er ei nettløysing som gjer det enklare for kommunane å oppdatere AR5. Ein treng ikkje spesiell kompetanse i ordinære kartverkty for å nytte løysinga.  

Les meir her: Nettside for AR5web 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

MRmat 2024 

Fagdagar for lokalmat - MRmat 2024, er under planlegging. For første gong blir arrangementet samkøyrd med Hoppid. Vi oppmodar tilsette i landbruksavdelingane til å vere med på samlinga på dag 1. Denne vert skreddersydd for dei som jobbar med matforedling (lokalmatsprodusentar) og for Hoppidkontaktane, som er viktige samarbeidspartar for landbrukskontora når det kjem til støtte av dei som ønskjer å starte med eller vidareutvikle tilleggsnæring på garden. 

Datoen for MRmat er tysdag 13.februar-onsdag 14.februar 2024. Programmet vert oppdatert etterkvart som innhaldet fell på plass. I tillegg kjem vi til å sende ut ein outlook-invitasjon til kvar av dykk for å halde av datoen. Men obs: påmelding skjer via kompetansenettverket sine sider. Meir info og etter kvart påmelding, finn du her  

Kontaktperson: Marie Teigland 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.