Informasjonsbrev veke 38/2022
- Landbruksavdelinga lanserer informasjonsbrev!
- Dreneringskurs hausten 2022
- Klimasnuprisen 2022
- Ny utgåve av Gårdskart aktuelt
- Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-9
- Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar 19. oktober i Molde
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruksavdelinga lanserer no informasjonsbrev!
Vi vil sende ut informasjonsbreva ein gong for veka, og det skal vere vår hovudkanal for informasjon til landbruksforvaltninga i kommunane. Så langt som råd vil vi samle informasjonen frå oss i informasjonsbreva, i staden å sende e-postar. Målet er å sikre informasjonsflyten. Tidlegare utsendt informasjon vil vere enkel å finne ved å gå inn på nettsida link: https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/informasjonsbrev/
Informasjonsbreva vil i første omgang vere eit prøveprosjekt på eit halvt år, som vi då vil evaluere. Her vil dykkar meiningar og erfaringar med informasjonsbreva vere viktige for oss. Men nøl ikkje med å ta kontakt for å gje oss ris og ros fortløpande 😊
Kontaktpersonar: Brit Kari Eidseflot Hauger, Tone Helen Rørseth og Åslaug Røberg
Dreneringskurs hausten 2022
Landbruk Nordvest (NLR) arrangerer fleire dreneringskurs rundt omkring i fylket i haust. På kursa får du høve til å lære om drenering eller friske opp kunnskapane. Kurset går over ein dag og er delvis finansiert av Klima og miljømidlane frå Statsforvaltaren gjennom prosjektet vårt Drenering for betre jord og klima. Sjå nettsida til NLR for meir informasjon og påmelding
Kontaktperson:Ragnhild Naug Aas
Klimasnuprisen 2022
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ynskjer innspel til Klimasnuprisen innan 1. oktober. Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar som har vist:
- særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal
- å ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål.
Alle tre finalistane i fjor hadde kopling til landbruket, og vi ynskjer difor fleire gode innspel frå næringa for å synleggjere klimabevisste og offensive bønder eller andre.
Meir info på:
https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/klimasnu/klimasnuprisen/
Kontaktperson: Åsmund Asper
Ny utgåve av Gårdskart aktuelt
Her kan du mellom anna lese om:
- Arealtal berekna frå kart er lest inn i Landbruksregisteret (Lreg) for heile landet
- Alle kommunar kan få tilgong til AR5web om ein ønskjer det
- Endringar i AR5 vert vist i Gårdskart
Link: Gårdskart aktutelt 3/22
Kontaktperson: Odd Løset
Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-9
Virkesopplysingar for periode 2022-9 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for godkjenning er 23. september. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober i Molde
Statsforvaltaren inviterer til fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober kl 09.30 – kl 16.00 på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Andre interesserte er også velkomne til å delta. Fagdagen er gratis. Påmelding innan tysdag 11. oktober.
Meir informasjon finnast her: link til nettsida vår
Informer gjerne tilbydarar og andre interesserte i kommunen din!
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger