Aukra kommune – landbruk trekkjer motsegn
Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen etterlyste i sitt høyringssvar ei oversikt over tal daa dyrka mark (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) og dyrkbart areal som går tapt på grunn av kommuneplana. Dette gjaldt kvar særskilt tiltak og samla for heile plana. Eit tydeleg arealrekneskap med samla konsekvensvurdering for landbruket er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for kommunen sine politikarar før dei fattar endeleg vedtak. Fylkesmannen sette dette som krav til Aukra kommune, før dei kan eigengodkjenne kommuneplanen sin arealdel. Det nasjonale jordvernmålet, fastsett av Stortinget 08.12.2015, er at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 daa. Dette skal skje innan år 2020.
Aukra kommune skriv sjølv i planomtala at «den langsiktige verknaden av arealstrategien vert vurdert som negativ i høve at sentrale, gode landbruksareal vil forsvinne». Dette bryt tydeleg med det nasjonale målet om auka matproduksjon og redusert omdisponering av dyrka mark, jamfør oppfølging av nasjonal jordvernstrategi. Fylkesmannen etterlyser konkrete tiltak frå Aukra kommune, i tillegg til omsynssone landbruk H510, for å oppfylle dei nasjonale målsettingane. Til dømes er det sterkt ønskjeleg med nydyrking som kompenserande tiltak, der dyrka mark og matproduksjon vert omdisponert til andre viktige samfunnsføremål.
Kommunen har nokre gonger argumentert med at jordvernet må vike på grunn av at tiltaket oppfyller intensjonane i Statlege planretningsliner for samordna bustad,- areal- og transportplanlegging. Fylkesmannen vil berre kort vise til at det ikkje er noko automatikk i at jordvernomsyn må vike for SPRBATP, men må vurderast frå sak til sak.
Aukra kommune skal ha skryt for at dei gjennomførte ei analyse av folketalsframskriving i dei ulike områda, som eit grunnlag og dokumentasjon for sine prioriteringar i kommuneplanens arealdel.