Giske kommune har fått midlar til kommunal jordvernstrategi
Giske kommune er ein av 11 utvalde kommunar som får økonomisk støtte frå landbruksdirektoratet til å utarbeide kommunal jordvernstrategi. Jobben byrjar allereie i haust.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søkarar som får tilskot ved årets tildeling, er kommunar der utbyggingspresset er stort, og kommunar som snart skal rullere kommuneplana. Føremålet er å auke kunnskapen og merksemda om jordbruksareala og sikre matjord som er under nedbyggingspress.
Jordvern viktigare enn nokon gong
«Tilskot til kommunar som vil utarbeida sin eigen jordvernsstrategi, er eit viktig tiltak i den nasjonale jordvernsstrategien som regjeringa la fram i juni. Når kommunane lagar sin eigen strategi skapar det merksemd og bevisstheit om dyrka mark, og gir kunnskap om verdien av areala. Jordvern er viktigare enn nokon gong, og for å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi avhengige av kommunane som styrer arealpolitikken lokalt,» seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Kommunane må gjere politisk vedtak om oppstart av arbeidet innan 15. november 2023.
Ønskjer fleire søknadar i 2024
Giske er den andre kommunen i Møre og Romsdal som er tildelt midlar til kommunal jordvernstrategi. I fjor fekk Ørsta kommune økonomiske støtte til arbeidet.
Statsforvaltaren håper fleire kommunar i fylket vil nytte høve til å søke neste år. Informasjon om søknadsprosess og tidsfristar vert lagt ut våren 2024.