Kom med innspel til nasjonal jordvernstrategi

Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Har du tankar og meiningar om korleis vi skal ta vare på matjorda? No har du moglegheita til å bidra. Kanskje dine innspel vert ny nasjonal politikk?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2023

Stortinget fatta i juni 2022 eit anmodningsvedtak, der Regjeringa vart bedd om å leggje fram ein ny jordvernstrategi med nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye, konkrete tiltak for å nå målet. Strategien skal leggjast fram våren 2023. Dette er bakgrunnen for at Landbruks- og matdepartementet har satt i gang eit arbeid med å oppdatere den nasjonale jordvernstrategien.

Innspel innan 6. mars

Du vert invitert til å gi innspel til departementet sitt arbeid med jordvernstrategien. Innspel kan sendast til departementet sin e-postadresse postmottak@lmd.dep.no innan 6. mars 2023.

Meir informasjon finn du her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.