Statsforvaltaren gir utsleppsløyve til to av fire søknader om oppdrettsanlegg i Batnfjorden/Bergsøyfjorden

Statsforvaltaren har gitt løyve til matfiskanlegg for kveite i Batnfjorden og for torsk på lokaliteten Batn i Gjemnes kommune. To andre søknader om oppdrettsanlegg i kommunen fekk avslag. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2023

Det er søkt om fire nye oppdrettsanlegg i Batnfjorden og Bergsøyfjorden i Gjemnes kommune. Nordic Halibut AS har søkt om løyve til oppdrett av kveite på lokaliteten Batnfjorden, og Ode AS har søkt om løyve til oppdrett av torsk på lokalitetane Batn, Slettnes og Ranem. 

Matfiskanlegg for kveite og torsk

Statsforvaltaren har no behandla søknadene om utsleppsløyve for alle dei fire lokalitetane, og har godkjent to av desse. Løyve er gitt til følgjande lokalitetar:

  • Matfiskanlegg for kveite på lokaliteten Batnfjorden, med ein maksimalt tillaten biomasse (MTB) på 1560 tonn.
  • Matfiskanlegg for torsk på lokaliteten Batn, med ein maksimalt tillaten biomasse (MTB) på 3500 tonn.

– Vi har avslått søknadene om utsleppsløyve for lokalitetane Slettnes og Ranem. Årsaka til avslaget er først og fremst naturverdiane ved desse lokalitetane, og at utslepp frå oppdrettsanlegg her kan innebere ein risiko for skade på naturmangfaldet, seier fagleiar Christian Dahl.

Vurdert etter forureiningsregelverket

Statsforvaltaren sin behandling er avgrensa til å vurdere søknaden etter forureiningsregelverket.

– For at det skal kunne etablerast oppdrettsanlegg, må det vere gitt løyve frå alle aktuelle sektormynde. Vidare må fylkeskommunen godkjenne søknaden etter akvakulturlova, seier Dahl.

Klage

Vedtaka frå Statsforvaltaren finn du til høgre på sida.

Merknader eller klage på vedtak kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Om vår rolle i saka

Gjemnes kommune har som planmyndigheit opna opp for oppdrett i dei aktuelle områda. På det grunnlaget har Statsforvaltaren, som forureiningsmyndigheit, behandla søknadane om utsleppsløyve for oppdrettsanlegga. Vi har behandla søknadane på lik line med andre utsleppssøknader frå oppdrettarar som søker om utsleppsløyve på lokalitetar som er i tråd med kommunale planar. På to av lokalitetane har vi gitt utsleppsløyve på visse vilkår.

Vedtaka om utsleppsløyve har ein klagefrist på tre veker.

Det er fylkeskommunen som har myndigheit til å gi løyve til å etablere oppdrettsanlegg.