Fiskeregler for laks og sjøaure i sjøen

Det er viktig å ha kjennskap til reglane for fiske utanfor elvemunningane i fylket, sidan mange sjøaurebestandar i fylket er i dårleg tilstand. Dette gjeld og ein del laksebestandar. Kart over fredingssoner finn du nedst i artikkelen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2020, Sist endra 16.05.2023

Alle vassdrag der det går laks og sjøaure har ei fredingssone på 100 meter utanfor elveutløpet (grense elv/sjø).

I 100-meterssona er alt fiske forbode, unnateke stong frå land når det er fisketid i elva.

Det er i tillegg over 80 utvida fredingssoner (munningsfredingssoner) som varierer i utstrekning frå nokre få hundre meter til fleire kilometer.

I munningsfredingssoner kan du også fiske når det er fisketid i elva, men i tillegg kan du:

  • Fiske med handsnøre etter saltvassfisk frå is eller båt i ro heile året
  • Fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, unnateke mars og april, om du er under 18 år.
  • Fiske med stong og handsnøre frå land, is og båt (inkl. dorging) frå og med 1. oktober til og med 28. februar. Anadrom laksefisk må gjenutsettast, med unntak av Smøla kommune.
  • Fiske etter saltvassfisk med teiner heile året, når heile fangstdelen til ein kvar tid står minst 5 meter under havoverflata

Nedsenking av garn i sjøen utanfor fredingssonene

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

Påbodet gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk.

Fiskeforbod utanfor kraftverksutløp i sjø

Ved Tussa kraftstasjon, Åmela kraftstasjon og Tafjord kraftstasjon (K4) er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvassfisk forbode i området som strekkjer seg 100 meter frå kraftverksutløpet og ut i sjøen.

Dragsundet, Ålesund og Holmsundet, Hustadvika

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå land og båt i Dragsundet innanfor grenselinene 1) vest for Dragsundet frå Lauvikneset til nordsida av Solnørvika og 2) nord for Dragsundet ved Åtlhøgda.

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå bruene i Holmsundet og langs heile vegfyllinga frå bru til land på begge sider.

Freding av sjøaure og laks i mars og april

I alle sjøområde, unnateke Smøla kommune, er fiske etter sjøaure og laks forbode i mars og april.

Freding av sjøaure i fjordområde på Nordmøre

I eit fjordområde er det også innført restriksjonar på fiske av sjøaure heile året:

I fjordområdet Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden innanfor E39 i Møre og Romsdal er det ikkje lov å fiske etter sjøaure frå land eller båt heile året, og heller ikkje laks i perioden 1. mars - 30. april. 

Fangstrapportering for stangfiske i sjø

https://stangfiskesjo.miljodirektoratet.no/

Oppsyn

Statens naturoppsyn vil følge opp aktiviteten med oppsyn og kontroll både frå land og frå sjø. Ulovleg fiske vil bli politianmeldt.

Kart

Under finn du kart over dei ulike munningsfredingssonene kommunevis. For anadrome vassdrag utan eigne munningsfredingssoner gjeld ei minstegrense på hundre meter frå utløpet av elva, der alt fiske er forbode i fredingstida for kvart enkelt vassdrag. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.