Opent møte om kjemisk behandling av elver i Drivaregionen
Onsdag 10. mai kl. 18-20 blir det møte om behandling av elvene i Drivaregionen på Sunndal rådhus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tiltakshavar for bekjemping av Gyrodactylus salaris i Drivaregionen og inviterer, saman med koordineringsgruppa, til informasjonsmøte om årets tiltak som skal starte i august 2023. Det vil også bli informasjon om fjorårets behandling, overvåkingsplan, reetablering av fiskebestandar og friskmeldingsprogram.
I møtet vil representantar frå Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og lokal koordinator vere til stades.
Møt opp på rådhuset, eller følg møtet digitalt på kommunens nettside eller facebook-side:
www.sunndal.kommune.no
www.facebook.com/sunndalkommune
Det blir ikkje fleire infomøter i Drivaregionen før behandlinga i år.
Vel møtt!