Opne møte om kjemisk behandling av Usma og Batnfjordselva

Tirsdag 10. mai kl. 18.00 blir det møte om behandling av Usma på Øksendal samfunnshus. Onsdag 11. mai kl. 18.00 er det møte i auditoriet på Batnfjord skule om behandling av Batnfjordselva, Skeidsdalselva og Torvikelva.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tiltakshavar for bekjemping av Gyrodactylus salaris i Drivaregionen og inviterer til informasjonsmøte om tiltaka som skal starte i august 2022.

I begge møta vil representantar frå Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og lokal koordinator vere til stades.

Det vil bli informert om planlagt behandling som skal finne stad i august 2022 og august 2023. Veterinærinstiuttet har med kart over behandlingsområda og ønskjer tilbakemelding frå lokalkjende på om bekker, brønnar m.m. er riktig markert på kart.

Vel møtt!

Kontaktpersonar