Fiskeregler i elv
Fiskesesongen i dei første elvane startar 1. juni. Her er informasjon om opningstider for fiske etter laks og sjøaure i elvane i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fiske etter laks og sjøaure i elv
Liste over opne elver i fisketidsforskrifta finn du i menyen til høgre. Nytt i år er at Skorgeelva i Vestnes kommune er opna igjen for fiske. Legg merke til at forvaltningslaga i elvane kan vedta strengare fiskereglar enn i forskrifta. Til dømes er Usma stengt av elveeigarlaget også i år, sjølv om den har fisketid for sjøaure i forskrifta.
Fiske etter laks og sjøaure i innsjøar
I vassdrag som har innsjøar med laks og sjøaure gjeld same fisketid som i elva. Du kan likevel fiske etter innlandsfisk (innlandsaure og eventuelt innlandsrøye) med stang resten av året, om lokale fiskereglar ikkje seier noko anna. Får du laks og sjøaure utanfor fisketida, må dei settast ut igjen.
Fiskekort?
Husk at du må betale fiskeavgift for å fiske etter laks og sjøaure i vassdrag, dersom du er over 18 år. https://fiskeravgift.miljodirektoratet.no/. I tillegg må du kjøpe fiskekort av fiskerettshavar.
Fangstrapport
Husk å levere fangstrapport slik du får beskjed om når du kjøper fiskekort. Dersom du får pukkellaks under sportsfiske skal den også registrerast på fangstrapporten.