Endra løyve til Profunda AS i Barstadvika
Profunda AS har 10.08.2017 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til auka produksjon ved anlegget sitt i Barstadvik i Ørsta kommune. Løyvet gjeld ein auke i produksjonen frå 47 tonn til 100 tonn årleg forbruk av fôr. Avløp kan sleppast ureinsa ut på 20 m dyp utanfor anlegget.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.08.2017
Kopi av løyvet finn du til høgre på denne sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal eller Profunda AS. Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen.