Løyve til forbrenningsanlegg for J.E. Ekornes AS i Sykkylven

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 20.11.2014 gitt J.E. Ekornes AS løyve etter forureiningslova til utslepp frå verksemda sitt forbrenningsanlegg på Ikornnes. Det skal brennast flis frå treavfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2014

I løyvet er det sett krav til utslepp til luft og til støy frå anlegget. Det er også krav til målingar av utslepp.

Oversendingsbrev med løyve kan ein lesa via lenka til høgre. Vedtaket om å gi løyve kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.