Løyve til tiltak ved Kristiansund Mekaniske

Fylkesmannen gjev verksemda løyve til inngrep i forureina grunn på verftsområdet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.02.2017

Verksemda skal utvikle slippområdet sitt, og dette arbeidet medfører graving i forureina grunn. Det skal også skiftast ut forureina massar nær slippområdet etter anbefalingar frå Norconsult, som gjorde undersøkingar på verftet i 2016. Tiltaka vil redusere risikoen for spreiing av miljøgifter til sjøen på lang sikt. Det er planlagt at arbeidet skal utførast i fyrste del av 2017.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.