Løyve til utfylling i Haram kommune

Fylkesmannen gjev Pyro Eiendom AS løyve til utfylling med massar ved Gamlem.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.09.2016

Dei får løyve til utfylling med om lag 12 000 m3 med massar over eit areal på om lag 2 000 m2 (pluss fyllingsfront) ved eigedomane med gnr. 176 bnr. 55, 87, 88, 111, 146, 147, 148 og 217. Tiltaket er planlagt utført i laupet av 2016. Sjøbotnen i tiltaksområdet er stadvis forureina med koppar og tributyltinn (TBT).

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.