Løyve til utfylling i Midsund

Fylkesmannen gjev kommunen løyve til tiltak over forureina sjøbotn ved Antonbua.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2017

Det skal fyllast ut med om lag 6 00 m3 med massar over eit areal på om lag 1 850 m2 for å auke landarealet. Under arbeidet skal det leggjast vekt på å unngå spreiing av forureining frå sedimenta. Det er planlagt at tiltaket skal utførast våren 2017.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.