Nordøyvegen - løyve til utslepp av prosessvatn
Fylkesmannen gjev Statens vegvesen løyve til utslepp av prosessvatn frå drivinga av Haramsfjortunnelen, Nogvafjordtunnelen, Fjørtoftfjordtunnelen og miljøtunnelen på Fjørtofta langs Fv 659, Nordøyvegen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.08.2017
Arbeidet skal starte i 2018, og er planlagt å vare i 5 år.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.