Norsk Gjenvinning AS gis løyve etter forureiningslova til sortering og mellomlagring av avfall i Kristiansund

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til Norsk Gjenvinning AS til å sortere og mellomlagre avfall ved Dale industriområde i Kristiansund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2017

Norsk Gjenvinning AS skal starte mottaksanlegg for ordinært og farleg avfall på Dale industriområde i Kristiansund kommune. Fylkesmannen i Møre og har gitt verksemda løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av både farleg og ordinært avfall ved anlegget. Løyve gjeld eit årleg mottak av inntil 33 000 tonn ordinært avfall.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.