Utsleppsløyve for Talgø Møre Tre AS
Talgø Møre Tre AS har 29. november 2017 fått utsleppsløyve frå Fylkesmannen for anlegget på Surnadalsøra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.11.2017
Løyvet gjeld kopar- og Royal-impregnering av trelast med ein årleg produksjon på 90 000 m3 kopar-impregnert og 80 000 m3 Royal-impregnert trelast. Løyvet regulerer mellom anna støy og utslepp til luft. Det er stilt krav til målingar og rapportering til forureiningsmyndigheitene.
Løyvet kan lesast her. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.