Varsel om pålegg om miljøundersøkingar og tiltaksvurderingar i Ålesund kommune

Borgundfjord-området i Ålesund kommune er eit av dei prioriterte områda i ei fylkesvis handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. Hamnebassenget i Ålesund er sterkt forureina, og det er behov for å gjennomføre miljøtiltak både på land og i sedimenta («Prosjekt Borgundfjorden»). I den samanheng vart det i juli 2014 send ut varsel til ei rekke grunneigarar og tiltakshavarar i Ålesund kommune om at det kan komme pålegg om å få gjennomført miljøundersøkingar og tiltaksvurderingar på eigedomane deira.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.08.2014

Fleire rapportar viser at sedimenta i hamnebassenget i Ålesund er sterkt forureina. Mange eigedomar er identifisert der tidlegare aktivitetar kan ha gitt opphav til forureina grunn og fyllingar som framleis kan lekke miljøgifter, eller der igangverande aktivitet kan gje utslepp. Dei siste åra har fleire område, både på land og i sjø, vorte undersøkt, og forureina grunn er funne i fleire av desse.

Før det er aktuelt å gjennomføre miljøtiltak i sedimenta, må tilførselen av miljøgifter vere stansa. For å identifisere eventuelle aktive kjelder til forureining, eller i beste fall konkludere med at landbaserte kjelder ikkje bidreg med ny tilførsel, må dei enkelte lokalitetane på land undersøkast for miljøgifter, og det må gjerast ei miljørisikovurdering.

Fleire grunneigarar rundt Aspevågen har allereie fått, eller vil i næraste framtid få, pålegg frå Fylkesmannen om å utføre miljøundersøkingar på sine eigedommar. Etter Fylkesmannen i Møre og Romsdal si vurdering, er det behov for ytterlegare opplysningar for å kunne fastslå om, og i kva grad, masser på land i området utgjer fare for forureining av Aspevågen

Dei verksemdene eller grunneigarane som har fått varslet har tilknyting til ein lokalitet ved tiltaksområdet Aspevågen som er vurdert til å ha høgt potensial for forureining. Vurderinga av lokalitetane er gjort på grunnlag av kunnskap om både tidlegare og igangverande aktivitet. I tillegg viser miljøundersøkingar av sedimenta at desse er forureina i betydeleg grad. Eit eventuelt pålegg vil bli gitt med heimel i forureiningslova § 51.

Varsel vart sommaren 2014 send til grunneigarar og tiltakshavarar med tilknyting til følgjande lokalitetar:

1) tidlegare Statens fyr- og merkevesen

2) tidlegare slippområde for Statens havnevesen

3) tidlegare Brødr. Wiig & Olsen Skipsverft

4) tidlegare Ålesund gassverk

5) tidlegare Liaaen verft på Ysteneset

6) området på sørsida av Kjøpmannsgata aust for Kvennaneset

7) tidlegare Liaaen verft på Kvennaneset

8) delar av området på land aust for Steinvågsundet

9) området ved bedrifta til Wärtsilä vest for Steinvågsundet

10) industriområdet ved Notholmen

11) industriområdet ved Osholmen

12) området ved tidlegare Vest Skipsservice i Olsvika

Ei oversikt med gards- og bruksnummer for dei eigedomane som har blitt inkludert i varslet av juli 2014 kan finnast som pdf-fil til høgre på sida.

Grunneigarar og tiltakshavarar med tilknyting til Skutvika, den gamle skraphandlartomta og Bunker Oil har blitt varsla ved eit tidlegare tidspunkt, og nokon er allereie i gang eller ferdige med å gjennomføre undersøkingar. Desse er også lista opp i pdf-fila.

Dei som har fått varsel må sende eventuelle kommentarar til varslet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postadresse Fylkeshuset 6404 Molde, innan måndag 08.09.2014. Kontaktpersonar for denne saka står lista opp til høgre på sida. Fylkesmannen kan kontaktast på post, epost eller telefon. Dersom det ikkje kjem nokon merknader til varslet, vil eit eventuelt pålegg vere basert på det grunnlaget som ligg føre.

NB! Nokre av dei som har fått varsel har etterlyst rapportane som var lista opp under «Referansar» i varseldokumentet. Desse kan ein laste ned via lenkene til høgre på sida.

Ålesund havn sett fra Sukkertoppen 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.