Endra løyve for Salmon Evolution AS

Fylkesmannen har etter søknad endra løyvet til Salmon Evolution til tunnelarbeid. Løyvet omfattar no nytting av tunnelmassar til avretting på tunnelbotnen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2020

Etter sprenging var botnen ujamn, og det er difor behov for avretting. Dei lause massane etter sprenginga kan nyttast til dette formålet. Då massane er lettare forureina, skal dei støypast inn for å hindre utlekking av miljøgifter på kort og lang sikt.

Vedtaksendring med endra løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til det endra løyve kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 2 veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.